LEIKANGER – KONGENS BYGD

 

Leikanger har tradisjonar som kongebygd tilbake til Vikingtida ( ca. 800 etter Kristus). Kongane budde på Leikanger når dei reiste rundt i landet med hæren sin. På reisene samla dei inn skatt og heldt ved lag  lojaliteten til dei lokale småkongane.

 

Leikanger  var kongebygd fordi den ligg strategisk til ved fjorden med fritt utsyn mot vest og aust og med stor produksjon av matvarer som kongen trong til hæren sin.

 

Noreg vart samla til eit rike av kong Harald Hårfagre  (850 – 932).

Harald  voks opp på Leikanger og her starta han arbeidet med å samle Norge til eit rike.

 

Leikanger med ca. 2200 innbyggarar har sidan 1862 vore  administrativ hovudstad i Sogn og Fjordane fylke – eit av Norge sine 19 fylker.

Leikanger, storslått  vendt mot sola og Sognefjorden i sør og med eit godt klima, varm sommar og lang varm haust, har i meir enn 4500 år vore ei god jordbruksbygd.

 

I dag vert det dyrka mest frukt og bær og avla sau.

Sognefjorden er ein av dei lengste og djupaste fjordane i verda, - over 200 km lang og 1308 meter på det djupaste. Fjordlandskapet er skapt av isbrear som grov ut fjorden under istidene for over ein million år sidan.

Leikanger har gjennom alle år vore eit knutepunkt mellom  fjord og land.

Der Leikanger Fjord Hotel står i dag,  var det skysstasjon og gjestgjevarstad frå omlag år 1650. Familien Lie  overtok hotellet i 1920, og  3. generasjon Lie  driv  framleis hotellet.

 

KULTURVEGEN STRANDAVEGEN

Strandavegen er ei vandring i gamal heltehistorie, vikinghistorie og  kulturhistorie. Strandavegen går austover langs fjorden frå trappa på Leikanger Fjord Hotel til  Leikanger Kyrkje.

 

Langs vegen finn du:

 

  - Minneparken etter Norges  første konge,  Harald Hårfagre (850-932)   (100 meter frå hotellet)

 

- På Husabø gravplass er det utgravingar av over 1000 år gamle gravrøyser. Her er det fleire fornminne både frå før Vikingtida og frå Vikingtida. (Ca. 500 meter frå hotellet)

 

- Ved gravplassen står Baldersteinen, Norges høgste bautastein (vel 8 meter)

- Leikanger Kyrkje er frå omlag år 1250. Steinkyrkje er seinare bygd om fleire gonger.

 

- I prestehagen ved kyrkja  er det fleire eksotiske tre. (Ca 900 meter frå hotellet)

 

Du finn meir informasjon på informasjonsskilta langs vegen og på: www.systrondsogelag.no    www.leikanger.kommune.no

N - 6863 Leikanger – Sognefjord, Norway – tel: (+47) 576 56 020 – epost: post(a)leikanger-fjordhotel.no